Skip to content

Påmelding til Lomseggen Upp 2019

Påska er over for i år og «motbakkesesongen» står for døra. Vi håper flest mogleg blir med på årets utgåve av Lomseggen Upp den 15. juni! I år er det 5 års jubileum!

Får å melde seg på er det berre å klikke på knappen «Påmelding 2019«. Prisane er som tidlegare år, men merk at etter 12. juni er det eit ettaranmeldingstillegg på 50/100. Så meld deg gjerne på med det same!

Den einaste endringa i år er at vi no har fått to trimklasser: trim utan tidtaking og trim med tidtaking. I trim m/tid blir løpstider og mellomtider offentleggjort, medan trim u/tid tilsvarer den gamle trimklassa.

Vel møtt til Lomseggen Upp 2019!