Deltakarinformasjon 2018

Det er berre timar til starten går på LomseggenUpp 2018.

Litt informasjon til deltakarane:

  • Webpåmeldinga er stengt, men det er fullt mogleg å melde seg på i sekretariatet heilt til starten går. Vi set pris på alle som vil vere med!
  • Dei som har meldt seg på via nettsidene, kan hente startnummer på løpsdagen frå kl 08:30 og utover i sekretariatet.
  • Start i trimklassa kl 10:00 og i konkurranseklassa kl 11:00.
  • Kart som viser startområdet: klikk her
  • Deltakarliste med startnummer: klikk her
  • Resultat: klikk her
  • Anna informasjon om løpet: lomseggenupp.no
  • Det er drikkestasjon undervegs på 777 moh, og vi serverer drikke på toppen.
  • Det er mogleg å bruke garderobe og dusj i Utgard. Her er det ope mellom 09 og 15. Inngang på baksida frå Grov.
  • Det blir premieutdeling kl 15:00 i startområdet.
  • Alle deltakarar får halv pris på grillmat!
  • Det blir «Leik i Lom» i startområdet heile dagen.
  • Den nye Bergtatt-utstillinga på Fjellsenteret er open til kl 17. Få også med deg festforestillinga kl 18! Alt er gratis!

Vi ynskjer alle god tur oppover og håper det blir ein triveleg dag!