Tronoberget Upp tysdag 28. mai 2019

Utsikt frå Tronoberget

Vi arrangerer ein uformell og gratis trimtur opp til Tronoberget tysdag 28.mai med start kl 18:00. Vi håper fleste mogleg vil delta! – både dei som vi rusle roleg utan tidtaking, og dei som vil teste formen. Kor mange klarer vi å få opp til toppen av Tronoberget på ein kveld??
Dei som vil delta må melde se på online: KLIKK HER.
Alternativt kan ein melde seg på ved brua mellom klokka 17:15 og 17:30, men vi håper flest mogleg melder seg på online på grunn av begrensa sekretariat.

For oss arrangørane blir dette ein test før Lomseggen Upp, og vi bruker difor same klasseinndeling. Merk at i år er det to trimklasser: «Trim utan tid» er same som tidlegare utan tidtaking, medan «Trim med tid» vil seie at det blir resulatlister med tider for desse. Pass på å velge riktig trimklasse ved påmelding!

Vi tør påstå at dette er Loms mest brukte trimtur! Bli med på kveldstrim på Tronoberget !

Helsing Lom IL skigruppa 🙂