LomseggenUpp 2018 – set av datoen 16. juni!

Vi har hatt ein god, gamaldags snøvinter så langt i Lom og Jotunheimen, og det er stor ski- og  skeiseaktivitet i bygda. Men når snøen  etterkvart smelter oppover liene og innover høgfjellet, vil Lomseggen og Eggjapiken nok ein gong ynskje turfolk og trimmarar velkomne til storslåtte opplevingar – her lengst vest i Breheimen nasjonalpark.

Og for 4. gong er det klart for LomseggenUpp – motbakkeløpet som startar i nasjonalparklandsbyen Lom – eit steinkast frå den kjende stavkyrkja. Løpet følgjer den flotte stigen rett oppover Lomseggen – heilt til toppen av Eggjapiken 1531 inne i nasjonalparken. Utsikta frå toppen er  formidabel med fantastisk utsyn til Galdhøpiggen, Glittertind og resten av Jotunheimen. Mot nord ligg Skjåk og Reinheimen nasjonalpark, og mot aust skimtar ein Rondane i bakgrunnen.

Alt dette får ein oppleve under LomseggenUpp 2018. I år blir det ikkje Fjordingsmartna i Lom, men vi håper og trur at både løparar og publikum stiller opp og bidreg til minst like god stemning som tidlegare år!

Set av datoen 16. juni!