Skip to content

Konkurranseklasse for 11- og 12-åringar

11- og 12-åringar som ynskjer å stille i konkurranseklassa får i år høve til å melde seg på i konkurranseklassa 13-15. Dei vil da delta på heilt like vilkår med dei andre i denne klassa. Det vil seia at dei vil måtte betale same påmeldingskontigent, det vil vere same krav om sekk, og dei vil kjempe om dei same premiane.

Det er krav om sekk på minst 2.0 kilo i konkurranseklassa. Sekken bør innehalde varme klede.

Vi tilrår at alle barn som deltek i Lomseggen Upp (uansett trim- eller konkurranseklasse) har tilsyn av vaksne under løpet og på returen! Det er ei krevande løype i bratt og ulendt høgfjellsterreng, og det kan vere krevande vêrforhold i høgfjellet.