Godt nytt år!

Vi ynskjer alle motbakkeløparar og vener av Lomseggen eit godt nytt år! Håper alle får eit aktivt år – både i motbakke og elles! Her i Lom ventar vi framleis på stabilt skiføre, men no kan det vel ikkje vere lenge til..?

På tampen av fjoråret leverte vi ein solid søknad om å få arrangere eit av løpa norgescupen i motbakkeløp 2019. Vi nådde dessverre ikkje heilt opp denne gongen, men vurderer ny søknad neste år. Årets norgescup finn du her: https://www.friidrett.no/aktivitet/motbakke/Nyheter/norgescuplopa-2019-er-klare/

Årets utgave av Lomseggen Upp blir 15. juni 2019, og som i fjor blir dette eit arrangement saman med Leik i Lom. Denne dagen blir det både mykje liv og røre både i Lom og oppover mot Eggjapiken.

Vi håper flest mogleg set av denne datoen, og ynskjer gamle og nye fjes velkomne til Lomseggen Upp 2019!