Skip to content

Dubbel UPP 2018


Motbakkeløpa i Lom og Skjåk samarbeider i år om Dubbel UPP. Alle som fullfører både Flækøyhøe UPP 2. juni og Lomseggen Upp 16. juni får ei eksklusiv medalje som synleg bevis på tapper innsats i motbakkane. Dubbel UPP-medalja blir utdelt til alle som fullfører begge løpa – uansett klasse eller tid. Medalja blir utdelt på premieutdelinga etter Lomseggen Upp 16. juni.

I tillegg blir det pengepremiar for raskaste totaltid – 1500 kroner for raskaste mann og 1500 kroner for raskaste dame. Pengepremien føreset deltaking i klasse med tidtaking i begge løpa.

Vi håper flest mogleg går for Dubbel UPP 2018!