Deltakarinformasjon 2019

Her er informasjon til deltakarane:

  • Webpåmeldinga er open fram til fredag kl 18. Det er mogleg å melde seg på i sekretariatet heilt til starten går, men vi håper flest mogleg nytter seg av webpåmelding.
  • Startnummer kan hentast i sekretariatet fredag 19 – 19:30 og laurdag frå kl 08:30 og utover .
  • Start i trimklassa kl 10:00 og i konkurranseklassa kl 11:00.
  • Kart som viser startområdet: klikk her
  • Kart som viser trasèen, høgdeprofil, stigningsprosent etc: klikk her og velg «Trasè».
  • Deltakarliste med startnummer: klikk her
  • Resultat og mellomtider: klikk her
  • Det er drikkestasjon undervegs på 777 moh, og vi serverer drikke på toppen. Vatn og sportsdrikk.
  • Det er mogleg å bruke garderobe og dusj i Utgard. Her er det ope mellom 09 og 15. Inngang på baksida frå Grov.
  • Det blir premieutdeling kl 15:00 i startområdet.
  • Alle deltakarar får halv pris på grillmat! Ta vare på matbongen du får saman med startnummeret.
  • Det blir «Leik i Lom» i startområdet heile dagen.

Vi ynskjer alle god tur oppover og håper det blir ein triveleg dag!